fredag 23. oktober 2009

Dagens ord

Avlaus (adjektiv)


"er eit vestnorsk ord som eigentleg tyder ledig eller fri, og det kan brukast både positivt og negativt. Ei avlaus stund er det same som ei fristund, medan det å kjenna seg avlaus er det same som å vera overflødig eller til overs. Å gå avlaust å driva er såleis ikkje noko moro. Men stundom kan avlaus framferd også stå for vill og galen åtferd, såleis galkøyring med hest eller bil. Somme kan òg reagera i avlaust sinne når dei misser kontrollen"


(Norsk Ordbok 2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar